Håkon den gode

Tekst: Marit Synnøve Vea

Hákon góði, Hákon Aðalsteinsfóstr (ca 918 – 960) Konge i Noreg frå ca 935 – 960

Kongsgarden Avaldsnes. Truleg var det på Avaldsnes og Fitjar Håkon held til før han blei sendt til England. (Foto Gunnar Strøm)

Kongsgarden Avaldsnes. Truleg var det på Avaldsnes og Fitjar Håkon held til før han blei sendt til England. (Foto Gunnar Strøm)

Då Harald Hårfagre var ca 70 år gammal, fekk han barn med ei av frillene sine. Ho heitte Tora Mostrastong og var av Hordakåre ætta.

Håkon var ikkje meir enn 10 år gammal då han blei sendt til England for å bli fostra av den engelske kong Aethelstan (Adalstein). Sagaen fortel at kong Adalstein blei svært glad i Håkon.

Håkon blir fostra av den engelske kongen
Sagaen seier at Harald nærast narra kong Adalstein til å fostra Håkon fordi det skulle syna at Harald stod over den engelske kongen i rang. I røynda var fostringa sikkert avtalt av dei to kongane på førehand. På denne tida var Adalstein sitt hoff eit kulturelt læresenter der mange europeiske fyrstesøner fekk opplæring i statsmannskunst, militær leiing og politisk strategi.

Det er grunn til å tru at Harald Hårfagre og kong Adalstein var nære allierte. Det arkeologiske materialet frå Nord-Rogaland og Sunnhordland viser til kontakt med England, og gjenstandsmaterialet er av det slaget ein helst får tak i på fredeleg vis, ikkje gjennom vikingtokt.

Sirkelen viser kvar ein meiner kongsgarden på Fitjar låg.

Sirkelen viser kvar ein meiner kongsgarden på Fitjar låg.

På den tida Håkon den gode blei sendt til England, var Harald Hårfagre blitt ein gammal mann. Kanskje spelte det også ei rolle at han ville redda den yngste sonen Håkon frå Eirik Blodøks som for hardt fram mot brørne sine?

Adalstein utrustar Håkon med skip og mannskap
Då Harald døydde, blei Eirik Blodøks overkonge. Eirik var lite likt av folket. Nokre sagatekstar fortel at folk i Noreg sende bod på Håkon og bad han koma heim. Andre sagatekstar fortel av Håkon gjorde dette på eige initiativ. Det blir vidare fortalt at kong Adalstein utrusta Håkon med skip og mannskap.

Håkon blir konge i Noreg
Håkon var berre 20 år gammal då han blei konge i Noreg, og han sat med kongemakta i nærare 30 år, mest like lenge som faren Harald Hårfagre. Håkon klarte også å gjenreisa Harald sitt samlingsverk, samstundes som ettertida gav han tilnamnet «den gode». For å klara denne bragda, må han ha vist både politisk teft og mot.

Håkon sitt kjerneområde var i utgangspunktet Harald Hårfagre sitt gamle vestlandsrike. Med den politiske skoleringa Håkon hadde fått i England, klarte han også å gjenoppretta dei avtalane Harald Hårfagre hadde hatt med dei mektige Møre- og Ladejarlane som godtok han som overkonge.

Håkon må gi opp kristendommen
For å gjenreisa det norske kongedømmet, måtte Håkon gi opp å innføra kristendommen i Noreg. Håkon, som var blitt kristen i England, hadde både ein biskop og kanskje ein prest med seg då han kom frå England. Sagaen fortel at han den første tida bygde fleire kyrkjer og fekk tak i prestar til desse kyrkjene. Per Hernæs meiner at Håkon den gode truleg også reiste ei kyrkje på Avaldsnes, sjølv om tradisjonen seier at det var Olav Tryggvason som bygde den første kyrkja her.

Håkon måtte etter kvart gi opp kristningsforsøket, ikkje minst for å få politisk støtte av ladejarlane som held tungt på dei gamle tradisjonane med norrøne gudar. Då han drakk blot på Lade, freista Håkon å ri to hestar; han gjorde krossteikn over skåla han drakk til ære for Odin. Under juleblotet på Mære må han gi heilt opp, her drikk han alle odinsskålane utan krossteiknet og må endatil eta hestelever frå blotingsofferet.

Lokal tradisjon har gitt ein av dei store gravhaugane på Blodheia namnet Guttormshaug meller Prinsahaug fordi dei trudde Guttorm Eirikson var gravlagd i haugen, men dette er gravhaugar over hovdingar som levde i eldre bronsealder. Då dei to hærstyrkane møtte kvarandre på Blodheia i 953, kjempa dei mellom desse haugane som alt då var over 2000 år gamle. (Foto M. S. Vea)

Lokal tradisjon har gitt ein av dei store
gravhaugane på Blodheia namnet Guttormshaug eller Prinsahaug fordi dei trudde Guttorm Eirikson var gravlagd i
haugen. Men dette er gravhaugar over hovdingar som levde i eldre bronsealder.
Då dei to hærstyrkane møtte kvarandre på Blodheia i 953, kjempa dei mellom desse haugane som alt då var over 2000 år gamle. (Foto M. S. Vea)

Håkon gjenreiser Harald sitt rike
Harald Hårfagre måtte basera sitt kongedømme på eit militærapparat med utstrakt veitslesystem som påla bøndene å underhalda den store hirda Harald drog omkring med. For å klara dette, måtte Harald ta jorda frå dei bøndene som opponerte og gi den til lojale undersåttar.

Håkon klarte å skapa fred med bøndene ved å gi dei attende den «odelen» som Harald Hårfagre hadde tatt frå dei. Innanfor sitt vestlandsrike kunne Håkon leva i fred, utan å måtta ha krigarar til verna seg mot eigne landsmenn. Det militærapparatet han trong, måtte reisast mot ei ytre fiende; danskekongen og sønene til Eirik Blodøks.

Slaget på Blodheia
Håkon fekk styra fredeleg nokre år, men etterkvart blei sønene til Eirik Blodøks vaksne. Dei fekk hjelp av onkelen Harald Blåtann, og rundt 953 kom Eiriksønene seglande opp Karmsundet saman med

ein dansk hær. Dei to hærstyrkane møtte kvarandre i eit blodig slag nær kongsgarden på Avaldsnes. Her kjempa dei på ei slette med store gravhaugar frå bronsealderen. Til tross for at Eiriksønene hadde med seg danske krigarar, gjekk Håkon den gode av med sigeren.

Dette slaget skal ha vore frykteleg. Ágrip seier at tre av Eirik Blodøks sine søner fall i dette slaget. Snorre nemner berre Guttorm Eiriksson. I ettertid fekk denne slagmarka namnet Blodheia. Snorre seier at då Guttorm fall og merket hans forsvann i mengda av kjempande menn, tok dei andre til flukt, hæren gjekk i oppløysing, dei sprang til skipa og rodde bort. Håkon og mennene hans fylgde etter austover, begge sigla så hardt dei kunne heilt til dei kom til Aust-Agder. Då sette Eirksønene til havs mot Danmark, mens Håkon og mennene hans drog heim.

Guttorm Sindre fortel slik om slaget:

Slaget på Blodheia. Ill. Erik Werenskiold

Slaget på Blodheia. Ill. Christian Krogh

Skjoldar lét kongen knaka
yvi kjempur og saman stanga;
der gjekk ein konge fraa striden
med konge vaapen-vegin.

Brand-rjodaren braaleg
lét brorsøne-flokken røyna
magti si; ofte minnast
maa eg de med hugnad.

Den hogg-rame styrde hugheilt
til havs med snekkjune sine;
men alle Eiriks sønir
undan maatte røma.
(Omsett av S. Schjøtt)

Etter dette slaget på Blodheia var det Håkon fekk laga i stand lova om leidangsordninga.

Old photo showing some of the burial mounds on the Reheia. Reheia is also called Blood Heights because of a battle between Haakon the Good and the sons of Eirik Bloodaxe which took place here in 953.

Gammelt bilde som viser nokre av gravhaugane på Blodheia (Reheia).

Håkon formar leidangen
Håkon og bøndene gjekk saman om å forma det forsvarssystemet som blir kalla leidangen. Gjennom leidangen blei landet delt inn i ulike område. I fall det blei ufred, måtte dei som budde i kvart område stilla med eit visst antal skip. Dei måtte også utrusta desse skipa med mannskap og våpen. Dei gamle norrøne kjeldene fortel at den norske leidangen kunne mobilisera over 300 skip når fare trua. Ein kjenner ikkje til at full leidang nokon gong blei mobilisert.

Det blei også bygd eit varslingssystem av vardar på fjelltoppane, og når fiendane nærma seg, blei ein etter ein av vardane tende slik at folk fekk beskjed og kunne førebu seg.

Slaget på Rastakalv og slaget ved Fitjar
Eit par år etter slaget på Blodheia kom Eiriksønene, saman med ein dansk hær, til Frei ved Kristiansund, men Håkon klarte å slå tilbake angrepet.

Ca 960 kom Eirkisønene og danskehæren på ny nordover. Dei gjekk til åttak ved Fitjar i Sunnhordland. Håkon klarte å driva dei på flukt, men han var sjølv blitt såra av ei pil i skuldra.

Soga fortel at Håkon blei gravlagt på kongsgarden Seim. (Foto T. Veland)

Soga fortel at Håkon blei gravlagt på kongsgarden Seim. Sirkel viser kor kongsgarden kan ha vore. (Foto T. Veland)

Etter tradisjonen skal Håkon vera gravlagd her ved Alrekstad. (Foto Bergen kommune)

Etter tradisjonen skal Håkon ha hatt konsggard her ved Alrekstad. (Foto Bergen kommune)

Håkon døyr ved Kongshella
Såret som Håkon hadde fått i skuldra skulle i utgangspunktet ikkje vera så farleg, men pila var «flein». Det vil seia at ho var laga for å skapa djupe og blødande sår. Håkon var på veg til kongsgarden på Alrekstad, men mennene hans klarte ikkje å stoppa blodet. Dei tok til lands ved Kongshella, der ved denne hella, forblødde Håkon og døydde.

Harald Gråfell blir konge
Håkon hadde ingen son som kunne arva kongedømmet, berre dottera Tora. Før han døydde, sa Håkon at Harald, den eldste av sønene til Eirik Blodøks, skulle arva kongedømmet etter han. Og slik blei det.

 

HARALD GRÅFELL

Haraldr Gráfell. Konge i Noreg frå ca 960 -70

Då Harald Gråfell blei konge i Noreg, godtok han onkelen Harald Blåtann av Danmark som sin overkonge. Frå før av var austlandskongane Gudrød Bjørnson og Trygve Olavson Harald Blåtann sine skattekongar. Harald hadde nå makta i Noreg frå grensa mot Grenland og heilt til Møre. Kanskje det er nå Harald Blåtann dreg heim til Jellinge og let hogge desse orda på den berømte Jellingesteinen: « ..den Harald som vann seg heile Danmark og Noreg.»

Seinare tok Harald Gråfell også livet av Sigurd Ladejarl. Harald Gråfell – og danskekongen – hadde då kontrollen over mesteparten av den norsk kyststripa, til og med opp til Hålogaland..

Korleis Harald får tilnamnet Gråfell.
Kong Harald held mest til i Hordaland og Rogaland, det gjorde også brørne hans, dei sat ofte i Hardanger. Ein gong var Harald på reise i Hardanger. Der traff han to islandske handelsmenn som klaga på at dei ikkje fekk seld dei grå sauefellane dei hadde med i skipet sitt. Harald bad då om å få ei av skinnfellene og slengde ho om skuldra. Etter dette gjekk salet av skinfeller så bra, at halvparten av dei som ville kjøpa ikkje fekk tak i. Eit utmerka PR stunt frå Harald og islendingane. Og Harald – han fekk sidan tilnamnet Gråfell

Harald Gråfell blir drepen i Danmark
Harald skulle hjelpa onkelen Harald Blåtann mot frankarane. Han utrusta ein hær og drog sørover. Ved Hals i Limfjorden låg fiendane i bakhald, og Harald blei drepen. Dei av brørne hans som ennå var i live, flykta då frå landet.

Håkon Ladejarl
Etter dette sette Harald Blåtann ladejarlen Håkon til å styra i Noreg. Håkon bar aldri kongenamn, men han fungerte som danskekongen sin skattekonge frå ca 970 – 995 då Olav Tryggvason overtok makta i Noreg.

Back